Kalender 

 Events 

     Dokumenter 

     Andre websider 

     

    Radiomerking av reinsdyr i Snøhetta 2009

    I løpet av februar kjem NINA til å radiomerke 10 reinsdyr i Snøhetta aust, og 5 reinsdyr i Snøhetta vest. Dyra vert bedøvd med giftpiler skutt frå helikopter. NINA reknar med at arbeidet skal vere gjort på 2 dager.

    Foto: RingstadDenne metoden å fange rein på vert rekna for å vere den mest humane metoden ein kan gjere dette arbeidet på, men arbeidet vert ikkje sett i gang før alle formelle godkjenningar er på plass. Det er berre simler som vert merka.

    Reinsdyra sender GPS signal kvar 3. time, og publikum kan fylgje med på si eiga datamaskin kvar dyra er på www.dyreposisjoner.no. Signala vert forsinka med
    14 dager, og dei vert heller ikkje utlagd på nett under reinsjakta og rundt tidspunktet for kalving.

    Det vil gå ut oppfordring til jegerane om ikkje å skyte dei radiomerka dyra under reinsjakta.

    Formålet med radiomerkinga er å kartlegge reinstrekk. Dette gjeld spesielt mellom Snøhetta vest og Snøhetta aust, skytefeltet på Hjerkinn, E6 over Dovrefjell og Snøheimveien. Dersom ein ser at reinsdyra nærmar seg til dømes hyttefelt, alpinanlegg, vegar og turiststier kan ein sende signal til radiosendaren, slik at GPS posisjon vert sendt  kvart kvarter. Då kan ein få meir detaljerte opplysningar på korleis dyra reagerer på å bli forstyrra.

    Dette prosjektet skal gå over mange år, og det kan verta aktuelt å radiomerke fleire dyr seinare.

    Dag Ringstad

     
    © Eikesdal bygdalag - 2007 - firmapost@eikesdal.no