Avdi dette området ligg i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning uttalte Nesset Fjellstyre seg, og meinte namnet burde vere Krøsen. Dette ut frå det som eldre folk i Eikesdal meiner, og ut frå gamle kart.
Nesset Fjellstyre sitt vedtak utløyste ein voldsom diskusjon i avisene spesielt frå folk i Sunndal som meinte namnet skulle vere Krøsa. Nokon meinte at folk i Eikesdal ikkje hadde rett til å uttale seg avdi Eikesdalingaene aldri har hatt tradisjon for å jakte i dette området.
Statens Kartverk har gjort vedtak på at namnet skal vere Krøshøa, og at dette skal nyttast av alle offentlige organ. Klagefristen på dette vedtaket er tre veker.
Dag Ringstad
|