Kalender 

 Events 

     Files 

     Andere websites 

     

    Søppel i verneområda

    Statens Naturoppsyn tilbyr seg å frakte gammalt søppel ned frå fjellet. Dette kan vere søppel som ligg rundt hytter og gamle leger, både i Statsallmenninga og på privatfjell.

    Legg søppelet i sekker på rabber som er snøfrie om vinteren. Søppelet vert henta med snøskuter. Pass på at det ikkje blæs vekk, merk med ein pinne e.l., og ta gjerne GPS posisjon. Gi beskjed til Nesset Fjellstyre så vil dette bli formidla vidare. Det er kanskje forseint å plukke så mykje i år, men det er noko ein kan hugse på til neste år.

     
    © Eikesdal bygdalag - 2007 - firmapost@eikesdal.no