Kalender 

 Events 

     Dokumenter 

     Andre websider 

     

    Småviltjakt med hund i Eresfjord og Vistdal Stats.

    Nesset Fjellstyre har vedtekje å opne for småviltjakt med hund i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning. Dette som ei prøve, i fyrste omgang for eit år. Dette gjeld området aust for Fattigbekken, kalla "Trekanten", og eit lite område vest for Aursjøen frå Aursjødemninga til Lesja grense opp til høgdekote 900. Det skal seljast vekeskort, og maks 2 kort pr. veke.

    Salget vil gå etter prinsippet "fyrstemann til mølla", men ein jeger kan ikkje jakte meir enn ei veke kvart år. Kort får ein ved å henvende seg til Nesset Fjellstyre. Pris kr. 500 pr. veke."Bag limit" på 5 ryper pr. dag, og maks 20 ryper på ei veke. Krav om rapportering av fangsten.
     
    Dette vedtaket kjem på grunnlag av at slik jakt har vore etterspurd. Nesset Fjellstyre voner og at ein større del av dei rypene som vert skotne med dette vert funnen igjen.

     
    © Eikesdal bygdalag - 2007 - firmapost@eikesdal.no