Kortsalg
- Aursjøen Turisthytte, Aursjøen
- Dag Ringstad, Eresfjord
- Eresfjord Coop, Eresfjord
- Torstein Oppigard, Eikesdal
- Vistdal S. lag. Vistdal
- Leif Hårberg AS, Eidsvåg
- Arild Herskedal, Isfjorden
- Verma Nærbutikk, Verma
- Harry Brude, Verma
- G-Sport Sunndal, Sunndalsøra
Prisar
| 1 døgn: |
kr. 100,- |
| 2 døgn: |
kr. 200,- |
| Veke: |
kr. 350,- |
| Sesong: |
kr. 500,- |
Jakt med hund
Det selges to kort per periode (førstemann til mølla) med ein "bag limit" på 4 ryper per dag. Arealet for jakt med hund er begrensa til "Trekanten". For kjøp av kort kontakt Nesset Fjellstyre og maks to kort per periode.
Priser
| Mandag-torsdag (4 dagar): |
kr. 600,- |
| Fredag-søndag (3 dagar): |
kr. 600,- |
| Veke: |
kr. 1.000,- |
Jaktreglar
Jakttida for rype og hare er frå og med 15. sept. til og med 28/29. feb. Jakt er ikkje lov i tida 23. des. til 31. des.
Alle jegerer må ha betalt jegeravgift. Unntak for born mellom 14 – 16 år under opplæring. Dei kan delta i småviltjakt med gevær, dersom dei er under oppsyn av erfaren jeger over 20 år. Denne må ha betalt jegeravgift, og ha jakta i minimum 3 år.
Alle jegerar må ha løyst jaktkort utstedt av Nesset Fjellstyre.
Til småviltjakt er det berre lov å bruke haglegevær med inntil 2 skot, og rifle. Patroner med blyhagl er av miljøomsyn forbode.
Det er ikkje lov å jakte frå bil, båt, eller andre motoriserte kjøyretøy.
Den som skal jakte er sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert på gjeldande reglar for jakttider, våpen og ammunisjon.
Fangstrapportering
Som ein del av arbeidet med forvaltninga av småviltet ynskjer Nesset Fjellstyre tilbakemelding på resultatet av jakta. Vi ber om at du returnerer jaktkortet med opplysninger om fangst, tal dagar jakta og i kva område du har jakta. Av dei innsendte fangstoppgåvene vert det trekt eit gåvekort på kr. 500,-. |